Den gode smaken frå heia

Sunne, smaksrike og sterke lam direkte frå heiabeite!

Fjellam frå Ryfylke har kjøt av lam som har beita i heiene i Ryfylke. Beite bugnar av urter, vier og friskt gras som gir oss sterke, sunne og smaksrike lam. Dette er reine og naturlege kjøttprodukt som held høg kvalitet på smak.

Kaldrøykt pinnekjøt av Fjellam frå Ryfylke foredla av A. Idsøe, vann finalen i Det Norske Måltid 2021 i kategorien Årets kjøt foredla.  

I grunngjevinga frå juryen heiter det: 

Produktet viser handverk av ypparste klasse. Her er det nøye utvalde råvarer som set standarden for eit premium produkt. Vinnarproduktet er lett og tilbereda og smaken er godt balansert. Kjøtet er delikat og saftig, og har fine tonar av røyk. Kjøtfylden er god og likeså er smaken på feittet. Dette er eit svært godt pinnekjøt, og dommarane diggar dei lange pinnane.

Albert Idsøe seier dette om Fjellam frå Ryfylke:

"Høsten 2021 solgte vi lam av Fjellam frå Ryfylke som ferskt lam i delikatessen vår og vi videreforedlet videre til pinnekjøtt. Vår erfaring med disse lammene er at de har god kjøttfylde og størrelse. Råvaren gir stykningsdeler som settes pris på av våre kvalitetsbevisste kunder. Videreforedling til pinnekjøtt er også lettere når kvaliteten på råvaren er så bra som det som Fjellam frå Ryfylke leverte i fjor høst. Gode råvarer og solid foredlingskunnskap ga i fjor gull i Det Norske Måltid, det er noe vi er stolte av." 

Me i Fjellam frå Ryfylke er stolte av samarbeidet me har med Prima Jæren og A. Idsøe, og du finn kjøtet vårt hjå A. Idsøe i Stavanger.  

Foto: Det Norske Måltid