Fjellam på vårbeite
Våren er komen til Ryfylke. Sauebøndene i Fjellam frå Ryfylke har lagt bak seg ein travel månad med lemming og våronn. No står tilsyn og gjerdearbeid for tur. Sauer og lam finn merkeleg fort hol i gjerdet ut av beitet og det er vanskeleg å finne veien heim att. Det er nok sant at graset er grønare på den andre sida.
Desse lamma her er frå Halsnøy. Det er ei lita øy i Ryfylkebassenget. Over heile Ryfylke ventar no bønder og lam på å få ta turen til heis. "Eg gler meg alltid til heiaføringa." seier eigaren til desse sauene, Anne Skartveit. "Det er kjekt å sjå at dei har det godt på fjellet".
Før sauer og lam kan sendast til fjells er det mykje arbeid som skal gjerast.



Den gode smaken frå heiå
Stolte saueprodusentar
Me er 29 saueprodusentar som saman driv Fjellam frå Ryfylke SA. Me ønskjer å ta vare på heiatradisjonen i Ryfylke. Det er strenge kriterier for fjellamma våre som blir selde direkte frå heiabeite. Me vil selje dei til kvalitetsbevisste forbrukarar.
Her finn du kriteria for lamma våre
Her finn du kartet vårt